Dette er ei portofølje for meg, Espen Moe Breivik (32). Journalist, programleiar, innhaldsskapar, rådgjevar – og potet.
I over eit tiår har eg arbeidd med journalistikk, tv- og lydproduksjon i m.a. VG og NRK. Med dei store overskriftene og snakkisar som har gått viralt. Eg har vore spesialisert på video, sosiale medium, breaking news og politisk journalistikk. Som programleiar og reporter har eg utfordra mennesker med makt, med ein dose folkeleg appell og skråblikk.
Erfaring har eg også frå organisasjonslivet, der eg på ulike måtar har arbeida med strategi, kommunikasjon, rekruttering, mediehandtering, politikk og påverking. Dette har gitt meg ei solid forståing for – og eit sterkt nettverk innan – media, politikk og samfunnsliv.
No er eg frilansar og klar til å jobbe for deg.
Dette kan eg gjere for deg
Eg brenn for å engasjere, formidle og bevege. Motivasjon hentar eg frå godt samarbeid og ved å aktivere høgre hjernehalvdel. Anten det handlar om kreativ produksjon, formidling eller rådgivning. For eksempel:
Journalistikk, foto eller video.
Innhald til sosiale medium og nett.
Kommunikasjon- og mediestrategi.
Medie, debattrening og presentasjonsteknikk.
Program- eller debattleiing.
Medierådgivning og krisekommunikasjon.
Koking av poteter.
Eg har alt jobba for
VG ASNorsk JournalistlagRøde Kors
AAFK – Tango TVTINE SANRK NyheterJCI Møre og RomsdalNatur og UngdomYellowBird NorwayUtdanningsdirektoratetLydvandring VoldaVGTV AS
Showreel, VGTV
Curriculum vitae
Arbeidserfaring
2018 – 2025: Journalist, VG / VGTV
Politisk journalist, 2018 – 2019
Videojournalist, 2019 – 2023
Nyhetsjeger, USA, 2023 – 2024
Journalist i avdeling for breaking, 2024 – 2025
2017 – 2018: Journalist, NRK Nyheter
NRK Sogn og Fjordane, 2017
NRK Økonomi og politikk, Dagsrevyen, Dagsnytt og nett
2013 – 2014: Redaktør, ungdomsmagasinet Putsj
2011 – 2017: Frilans- og tilkallingsvikar for
Klassekampen (abonnement)
Framtida.no, ABC Nyheter
Avisa Møre, Aarflot Prenteverk AS
Verv
2024 – no: Leiar, Norsk Journalistlag
2023 – 2025: Tillitsvalgt, redaksjonsklubben i VG
2016 – 2018: Leiar, Røde Kors Ungdom i Norge
Kurs
2025: Sikkerheitskurs, SRS
2024: AI i journalistikk, Institutt for journalistikk
Utdanning
2012 – 2016: Statsvitenskap, Universitetet i Oslo
2011 – 2012: Drama og teater, Høgskulen i Volda
2008 – 2011: Medier og kommunikasjon, Volda vidaregåande
Utmerkingar
Utmerkingar
2025: Nynorskstipend frå Noregs Mållag.
2024: Wan-Ifra Global Award for USA-valgdekning på VGTV.
2020: Webby Awards for utvikling av «VG Forklarer» og «VG Nyheter».
2018: Alf Helleviks mediemålpris for nynorsk i VG.